Mykje fin hopping
|

Trond Marius Vad i svevet
Elles skal Joachim Helland, saman med Olav Magne Dønnem,
David Andersen og Johan Remmen Evensen, representere Møre
og ROmsdal under lag-NM på Bardufoss 20. mars.
Dønnem, Andersen og Evensen er i tillegg kvalifiserte for
individuelt EM dagen etter.
Alt i alt blei det vist mykje fin idrett i Fjellbakken, og dei rutinerte
arrangørane frå Liabygda sto for et prikkfritt arrangement.
7. mars 2004 (kilde: Storfjordnytt)
-
Tekst og foto: Tor Arild Malin
|
Liabygda IL
inviterte til kretsrenn i hopp i Fjellbakken søndag 7. mars
2004. Det var fine forhold for hopping, og det vart hoppa i K10, K18,
K50 og K60-bakkane.
Det var mykje fin hopping i alle bakkar, lengste hoppet i den minste
bakken var på 9,5 meter.
Det var flere av gutane som klarte det, men Mariell Andersen
frå Valldal imponerte med ni meter i sitt hengste hopp.
I K18-bakken var lengste hoppet på 17, 5 meter, det var det
Lars Erik Andersen frå Valldal som sto for. Kanskje kjem det
ein ny storhoppar frå Valldal?
I K50-bakken var det tre hopparar frå Hornindal som deltok,
kretsens eigne som normalt hoppar der, ville prøve seg i ein
større bakke.
I K66 var det Joachim Helland, Stordal IL, som viste best form med
hopp på 63 og 65,5 meter, sjølv om 11-årige Tommy
Leanes hadde dagens høgaste poengsum. Tommy hoppa med
ein del betre fart enn seniorane.
Sindre Holtleite frå Stordal vart vinnar av 14-årsklassen
med to fine hopp, på 59,5 og 59 me3ter. Han var vel 13 poent
framfor Daniel Ferger fra Måndalen.
Også Andreal Vikhagen fra Bolsøya og Stig Tore Liead
frå Liabygda viste fine takter med hopp på rundt 60 meter.
Veteranen Sindre Helland dokumenterte fin form, før avreise
til VM i Reit Im Winkl. Han presterte to hopp på 57,5 meter.
|
|
Til VM for veteranar

Frå venstre: Tor Arild Malin frå
Ørskog, Jan Ringseth frå Sykkylven (Ørskog) og
Sindre Helland frå Stordal er klare for Veteran-VM |
Tor Arild Malin frå Ørskog,
Jan Ringseth frå Sykkylven (Ørskog) og Sindre Helland
frå Stordal reiser til veteran-VM. I tillegg skal Kåre
Holmen, som bur i Vaksvika, vere med på turen til Reim Im Winkl
i Sør-Tyskland.
- Dette er noko vi har sett fram til og trent for eit år no,
fortel Malin.
Ale fire skal delta i hopp K56, medan Malin og Holmen i tillegg skal
delta i kombinert. I hopp er det Helland og Ringseth som har størst
sjanse på medaljer. Men det sikraste tipset er vel at Kåre
Holmen returnerer med medalje i kombinert, sjølv om alle fire
har medaljar frå tidlegare meisterskap.
I år er det spesielt stor deltaking og det er mange tidlegare
internasjonale storheiter med.
7. mars 2004 (kilde: Storfjordnytt)
|
|